Translate

mandag 24. mars 2014

"Skate-skjørt" i vaksen størrelse



Måtte prøva å laga same skjørtet i ein litt større str. Fann fram ei vintagegardin i flott retrostil. Gardinlengda er av eit syntetisk materiale og har godt fall i seg.

Her er skjørtet!











Str. 42/44
Lengde: 49 cm
Pris: 325,- + porto

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

"Skate-skjørt"

Dottera mi på snart 14 har ikkje vore så veldig interessert i at eg skal sy noko til henne. Men her ein dag kom ho og sa at eit skjørt skulle eg få lov å sy til ho:) Ho kalla det "skate-skjørt" Me kjøpte fyrst eit skjørt på H&M  som var sydd i fire deler m/linning og glidelås bak.







Eg teikna av eine delen i skjørtet og brukte det som mønster. Klipte så ut 4 like delar av eit mintgrøntfarga sportstretchstoff, frå S&S. Sydde delane saman. Klipte til linning og brukte ein brei strikk inni. Eg valgte å kutta ut glidelås og det funka fint. Dottera mi blei svært fornøgd med skjørtet. Vil tru det blir fleire slike skjørt. Viktig å bruka eit stoff med fint fall (gjerne litt syntetisk materiale) eller så blir ikkje skjørtet så fint på:)


KJOLE NR. 2 MED GLIDELÅS FRAMME

Måtte berre sy ein kjole til med glidelås i front. Denne gongen har eg brukt lilla stretch cordfløyel, frå S&S. Rosa delbar glidelås  (70 cm), frå min lokale sybutikk. Ermene og hetta er sydd av lilla courtelle, frå S&S. Fòret i hetta, og ermekantane, er mønstra viskosejersey, frå S&S.














På skjørtekanten har eg sydd  på eit svart stretch blondeband.
Lommene  og applikasjonen på ryggen, er gjenbruksmateriale frå ei vintage-gardin.

Str. L (42/44) Passar perfekt til meg:)




lørdag 22. mars 2014

NY KJOLE M/GLIDELÅS I FRONTEN

Blei inspirert til å sy kjole med lang glidelås framme.  Fann ut det var best å bruka stoff med stretch for at den skulle sitja fint. På fyrste kjolen har eg brukt  mørkeblå stretchdongeri, frå S&S. Eg har teke utg.pkt i eit mønster frå S&S  (23046) men har sjølvsagt endra det ein del med å delt opp ryggstykket og framstykket, lagt på hette o.l.  Hettemønsteret laga eg ved å teikna av hetta på ein hettegansar til sonen min  (måtte laga den litt større sjølvsagt)












Gul glidelås var det einaste eg hadde liggjande i str 70 cm  (den er spretta av ein tunika, kjøpt på Fretex for ei tid tilbake)









Hetta er sydd av eit lilla syntetisk stretchstoff , frå S&S. Fòret er gult og lilla mønstra viskosejersey, òg frå S&S.

Kjolen blei veldig blå syns eg, så då passa det godt med ei lilla ugle på ryggen:) Vintage pynteband på ermene og  skjørtekanten.

Str 42/44
Veldig for nøgd med resultatet:)


 Runde lommer i sidene

onsdag 12. mars 2014

BRINGEBÆR-RAUD VÅRTOPP:)




















Denne toppen blei sydd i dag, av to ulike stretchstoff, frå S&S.













Hovudstoffet er eit herleg bringebærraudt syntetisk stretchstoff med flott fall. Kantane er kanta med eit oransjemelert stretchstoff. Kanten nede gjer at ein kan velja korleis ein vil ha toppen på, ved å dra den opp eller ned:)

Str L (ca 42/44)
Pris: 375,- + porto
Mønster: mitt eige

Denne toppen er lagt ut for sal i eplabutikken min:



http://randidesign.epla.no




TOPP TIL VÅREN:)



Har blitt litt "hekta" på å sy toppar i det siste. Har teke utgangspunkt i ein pyjamastopp, sydd i to deler og har utvikla mitt eige mønster utifrå den:)
Denne toppen er sydd av eit syntetisk polyestersateng?? vintagestoff, som eg har hatt liggjande ei stund.






Toppen er sydd i to deler. Halskanten har fått ein grøn ribb av sportstretchstoff, frå S&S.

Str. L (ca 42/44)
Pris: 349,- + porto
Mønster: mitt eige










Toppen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

Toppen er fin å bruka som den er, men er òg fin å bruka med ein langerma topp inni:)

Har sydd eit par slike toppar til meg sjølv òg, og det blir sikkert fleire:)

mandag 3. mars 2014

FARGERIK KJOLE M/UGLE

Denne kjolen starta eg på i helga, men sydde den ferdig i kveld:)
Syns det blei ein gla'kjole, som passar no når me går mot vår og sommar:)
















Stoffa i kjolen er elastiske og mjuke, og er kjøpt på S&S.










På brystet er det applikert på ei søt lita ugle, som har fått to brune små knappar til auge:)










Str: ca str M/L (40/42)
Lengde: 92 cm
Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no