Translate

søndag 18. august 2013

SVART KJOLE MED STRIPER OG STJERNE!!



Denne kjolen blei ferdig i kveld:)
Ikkje ofte eg syr svarte kjolar, men den har no litt fargar på ermene, og stjerna på bryststykket gjer at kjolen lyser litt opp:)




Kjolen er sydd av svart courtelle, frå S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein stripete polyesterstretch topp, kjøpt på Fretex. Ermekantar og halskant er kanta med same svarte stoffet som er brukt i resten av kjolen. På bryststykket er det applikert på ei stjerne med ein lysegrøn knapp sydd på i midten. Langs skjørtekanten er det sydd på ei grøn kroklisse i bølger. (måtte få inn litt farge på skjørtedelen òg)

Kjolen har 3/4 lange ermer og er fin å bruka både til kvardags og fest.






Mønster: mitt eige

Str. L (42/44)
Lengde: 98 cm

Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

fredag 16. august 2013

STJERNEDRYSS-KJOLE i ORANSJE




Denne kjolen blei sydd i kveld:)
Den er sydd av oransje stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Ermene er sydd av eit tekstmønstra gjenbruksmateriale frå ein polyesterstretch topp, kjøpt på Fretex.













Eg har igjen laga halskant med splitt i sida og denne gongen er det brukt eit oransje strikkeliknande stoff med sølvfarga sikksakk-mønster. Det same stoffet er brukt rundt ermekantane.











Kjolen er mjuk og behageleg å ha på, og passar godt som haust-og vinterkjole.

Str. L(42/44)
Lengde: 97 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 825,- + porto





Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

lørdag 10. august 2013

FRYNSESKJERF


Kjøpte meg eit nytt kjekt blad her forleden dag. "MOLLY MAKES" Mange gode tips og idèar.  (DIY)
Eg prøvde meg på ein av idèane. Laga frynseskjerf av ei avlagt t-skjorte. Klipp av bolen rett under ermene, og klipp 1 cm breie frynser (ca 10-12 cm lange)














Eg gjorde det på ei t-skjorte og det blei fint. Men fann ut at det går jo òg an å sy saman to delar av eit jerseystoff/stretchstoff og få ein "tube", som du deretter klipper frynser i. Det gjorde eg i går og her ser du resultatet. Lurt å vaska skjerfet før bruk, for då snurrar frynsene seg fint i saman.

Syns dette skjerfet passa bra til denne kjolen:)

KJOLE MED OVALE SIRKLAR



Denne kjolen tenkte eg kunne bli fin som haustkjole med ein "long-sleeves"(topp m/lange ermer) inni. Og med ei tjukk strømpebukse eller tights under. Stoffet eg har brukt er frå S&S. Mønsteret er òg frå S&S, men eg har endra litt her og der.



 Rundt ermekantar og halskant har eg valgt å sy på lilla ribb, frå S&S. Eg har sydd fleire slike kjolar i sommar med har då brukt skråband i halsopninga og rundt ermekantane.

Mønster: Frå S&S

Str. 42/44

HAUSTKJOLE I SVART/LILLA OG GRÅTT



Har sydd litt dei siste dagane og her er ein av kjolane eg har sydd til meg sjølv, med tanke på at me går hausten og vinteren i møte.
Alle tre stoffa som er brukt er frå S&S. Mønsteret er mitt eige, som eg stadig driv og endrar litt på.














Ser at eg kan laga selane på framstykket litt kortare og ha litt lengre på ryggstykket. (skuldersaumen kom litt langt bak, syns eg.)







Mønster:mitt eige
Str. 42/44

LILLA KJOLE MED KNALLGULE BLOMAR

Denne kjolen sydde eg til meg sjølv, i går. Fekk dette fine blomstrete stoffet i posten i går (kjøpt på epla.no) Det måtte berre bli til ein kjole.

I kveld skal eg i 40 årsdag til mi kjære syster, så då tenkte eg at denne kjolen kunne brukast i den anledning:)




Mønsteret har eg brukt mange gonger før, og det er frå boka "Made by me" og laga av bloggaren bak "Klinkekult".



tirsdag 6. august 2013

RETROSTIL-KJOLE

Har kjøpt litt gamle stoff på "nettet" i det siste og  i dag sydde eg ein kjole med eit av stoffa.
Har mixa det gamle stoffet med nye stoff og slik blei kjolen.



Overdelen er sydd av limegrøn jersey med turkise prikkar, frå Jofotex. Ermene er sydd av eit mønstra viskose jerseystoff, frå S&S. Skjørtedelen er altså sydd av eit syntetisk vintagestoff i grønt/brunt.


For å få ein liten ekstra fargespiss på kjolen, så valgte eg å bruka oransje ribb i halskanten. Syns det "sprita" kjolen endå meir opp:)






Mønster: mitt eige

Str. L (42/44)

Pris: 825,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no



lørdag 3. august 2013

SOMMERSALG I NETTBUTIKKEN MIN:)

Då har eg starta eit sommarsalg i nettbutikken min, som vil vara nokre dagar. Det er berre til å ta ein tur innom å sjå:)
Alle skjørt og kjolar er på salg:)

http://randidesign.epla.no