Translate

torsdag 4. oktober 2012

Kåpe av stoff frå loppemarknad




For ei vekes tid sidan var eg med og solgte "lopper" på ein loppemarknad. I pausen tok eg meg ein runde for å sjå om det var noko eg kunne ha av interesse. Eg fann nokre stoffbitar, bl. a eit grått og lilla rutete ullstoff.  Så då fann eg ut at eg måtte sy ei ny kåpe av dette stoffet. Kombinerte det med ein grå ullfiltrest, som eg hadde på loftet.
Fann fram kåpemønsteret frå S&S og sette i gong.











Denne gongen prøvde eg å få halsutringningen litt mindre, slik kåpa ikkje blei så open i halsen. Det fekk eg til. Og i stadenfor knappar sette eg i ein koksgrå 72 cm lang glidelås, som eg hadde klipt av ein gamal fleecejakke.








Sydde på ei lomme på høgre sida av kåpa, kjekt å ha til småting og evt ein refleks:) Sydde på ein svart vintageknapp, som pynt på lomma.






Str. 42/44
MØNSTER: Stoff og stil (men med litt endringar)



No har eg fleire slike kåper i denne modellen, men eg har endra litt på mønsteret kvar gong, så då er dei ikkje heilt like:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar