Translate

onsdag 29. februar 2012

ORDENTLEG VÅRKJOLE:))



Dette er nok ein bestillingskjole til ein god kollega, ho ville ha ein fargerik jerseykjole med lange ermer. Det fargerike viskosejersey-stoffet i overdelen, er frå S&S. Skjørtedelen er sydd i 6 deler. Rosa og klarlilla ribbstoff, frå S&S. Midtstykka er stoff frå ein ny jerseykjole, kjøpt på Lindex.








Kjolen har fått rosa ribb rundt halskanten, og kanten nede på kjolen er same stoff som overdelen.

Str. ca 40
Mønster: eige
Pris: 750,-

tirsdag 28. februar 2012

HYTTESTEMNING

Forrige veke var det vinterferie. Me var på hytta hos mormor og morfar og både store og små kosa seg, sjølv om vêret ikkje var så bra ute, så hadde me det varmt og koseleg inni hytta. Spelte spel, strikka, måla, teikna, åt god mat og las bøker, som her på biletet:)  Me var ute kvar dag sjølv  om det snøa, regna og blas om eit anna:)
Kjekt å ha ei hytte å reisa til:)


Går fint an å grilla pølser inne:))


                                            Mormor les bok til Ruben-Aron

REDESIGNKJOLE




Var innom Fretex i vinterferien og fann ein del klede, som eg kjøpte med tanke på å bruka til redesign.
På søndag blei denne kjolen til:)










Fann eit nydeleg fotsidt  svart retroskjørt i crimpelin-stoff med rosa og raude firkantar og prikkar.
Det ville eg bruka som skjørtedel på kjolen min. Klipte det til slik at det passa til raglankjolemønsteret mitt.
Ermene er sydd av stoff frå ein svart viskosejerseykjole med kvite prikkar, dei er 3/4 lengde på. Bryststykket er sydd av stoff frå ein ny kjole, kjøpt på Lindex, med tanke på redesign. Syns den hadde så kult bokstavprint.
Ryggstykket er sydd av stoff frå ein raud topp med sølvskrift. Sidan skjørtedelen har fargane raud og rosa i seg, valgte eg å ta rosa ribbkant i halsen og raud ribb til ermekantar. Viktig å ta oppatt fargar for heilskapen si skuld:)
Syns det blei ein morsom kjole, der eg altså kun har brukt gjenbruksmateriale. Kun ribbstoffet som er kjøpt som nytt stoff.
Denne kjolen blir nok min:)

Str. ca 42/44

Raglankjole med RETROBIL







Fekk lyst til å sy ein kjole til meg sjølv, der eg brukte same stoff som bryststykket på kjolen i forrige innlegg. Men eg syr jo ingen heilt like kjolar, så eg valgte å bruka stoffet som ryggstykke i staden. Dette stoffet er berre så kult, syns eg. Det er berre litt stoff igjen no av den opprinnelege kjolen:(
Framstykket er sydd av rosa og coboltblå stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av coboltblå stretch chenille og grøn sportstretch, òg frå S&S. 


Skjørtedelen er sydd av mørkblå chambrey (tynt dongeristoff), frå S&S.






Halskant er kanta med lilla sportstretch.
Kjolen har fått ein stor fin bil applikert på framsida, og ein litt mindre bil på baksida. Eg har brukt same retrostoffet som i ryggstykket.   Alltid kjekt å kunne sy av gjenbruksmateriale for då veit eg at kjolen blir endå meir unik, då ingen andre kan gå i butikken å kjøpa same stoff:) 
Har sydd på 3 søte lilla knappar på brystykket.
Denne kjolen blir fin å bruka heile året, trur eg, då den har lange ermer.


Str. ca 42/44

Bestillingskjole i VELDIG knalle farger:)

 
Har fått meg ein kunde som er VELDIG glad i fargerike kjoler:) Og det er kjekt. Den siste kjolen ho bestillte ser du her.
Ho som bestillte denne kjolen likte godt stoffet som er brukt som bryststykke på kjolen. Så det blei utgangspunktet for fargeval vidare. Stoffet i bryststykket har opprinneleg vore ein retrokjole i crimplin-stoff frå 70 talet, kjøpt på Fretex. Kule fargar syns eg òg:) Ryggstykket er sydd saman av lilla og coboltblå stretch chenille, frå S&S.  Bakstykket på skjørtedelen, er sydd av viskosejersey, frå S&S. Framstykket er sydd av coboltblå stretch chenille, frå S&S.
Ermene er sydd av eit herleg fargerikt bomullsjerseystoff, frå MG-Tyger.

Kunden har fått kjolen og blei veldig fornøgd:) og då blir eg òg glad og inspirert til å sy fleire fargerike kjolar:)




Mønster: eige

Str: ca 40
Pris: 775,- + porto

SOLGT!!

lørdag 11. februar 2012

Singletkjole til god kollega


Denne kjolen sydde eg til ein kollega i haust, men har ikkje blogga om den før.  Kjolen er sydd i stretch jerseystoff frå bl.a S&S. Kjolen har overdel frå ein ny svart singlet. Skjørtedelen er satt saman av 6 deler.

Ho som skulle ha kjolen skulle ha ein ny kjole til sydenturen sin i haustferien, og ho vart fornøgd. Det er det viktigaste for meg at kunden er fornøgd:)

Kjolen er fin å bruka både sommar og vinter, med eller utan ein langerma topp inni.

torsdag 9. februar 2012

Redesignkjole med prikkar og glade fargar:)


Då blei det jammen ein ny redesignkjole igjen, gitt:) Tok fram ein lilla satengbluse, som for lenge sidan hadde komt i haugen med klede som har ynskje om å bli sydd om til noko nytt og spanande:)  Fann òg fram eit satengstoff, som eg kjøpte i fjor vinter. Dette stoffet passa fint som ermer, då eg ikkje hadde så mykje av det. Klipte altså vekk ermene på blusen og laga nye ermer og sydde på. Klipte av blusen ca midt på brystet og sydde på eit lilla jerseystoff som rekk rett under bysten.
Skjørtedelen er sydd av eit grønt viskose jerseystoff med svarte prikkar (syns det er såå kult med prikkete stoff). Har sydd på 2 knall rosa knappar på brystet.

Kjolen er innsvinget i livet.

Ca str.  M (38/40)
Pris: 625,- + evt. porto


SOLGT!! 

Ho som har kjøpt kjolen ynskjer litt oransje farge rundt halsoppninga, det skal me fixa:)) Her ser du det endelege resultatet!

mandag 6. februar 2012

REDESIGNKJOLE"LOVE&PEACE"


I kveld har eg sydd ein redesignkjole i flotte fargar. Utgongspunktet var ein vintage polyesterbluse i grøne nyansar. Eg klipte av blusen ca 10 cm under ermeholene på blusen, klipte til og sydde på eit grått polyester ribbstoff, frå S&S. Klipte av ermene på blusen og laga nye ermer i eit kult "grafitti-print" jerseystoff, frå MG-tyger. Sydde så på nye ermer.
Skjørtedelen på kjolen er sydd av bomullssatengstoff, frå S&S.
Vart ganske fornøgd med resultatet. Kjolen blei i str. ca 40/42.
Passar nok fint til deg som har  timeglasfasong. Kjolen har fin innsving i livet.
God stretch i overdelen.
Pris: 690,- + evt. porto

SOLGT!!

Eigen brøytebil i hagen:)


Det har snøa masse det siste døgnet, så no har me nok snø her, spør du meg:)
Då er det godt å ha ein liten snøryddar med eigen brøytebil:))

onsdag 1. februar 2012

ÅRETS FØRSTE VÅRKJOLE:)



I dag har eg hatt fridagen min igjen, og som så ofte før på onsdagar, så har eg kosa meg framføre symaskinene mine:) Klipte til 2 nye kjolar i går kveld og i dag har eg sydd dei saman. Den eine er lagt ut for sal i nettbutikken min:  http://randidesign.epla.no/   Den kjolen som er på bileta her er eg endå usikker på om eg skal behalda sjølv, eller om den skal ut for sal:)  Den passar fint til meg, og eg likar godt fargane. Gir meg ein veldig vårfølelse:) Eg får tenkja på det nokre dagar:)

Kjolen er sydd av klarlilla stretch chenille, frå S&S og eit knall mønstra bomullsjerseystoff, frå MG-tyger. Har sydd på ei korallraud hekla brikke med ein liten sirkel med stoff, frå det same som i kjolen. Har sydd ein knapp i midten. Følte dette blei nesten som ei flott sol. Sirkelformen kjem òg igjen i stoffet på ryggen.  Sirkelapplikasjonar på skjørtedelen òg.
Har kanta kjolen med jerseystoffet i halskant, ermekantar  og skjørtekanten.