Translate

fredag 29. april 2011

Ny modell i grått og blått:)

Får stadig nye idèar til kjolar, og i går kveld fann eg fram noko av stoffet eg fekk gratis her ein dag. Det var eit lys grått dongeriliknande bomulls stoff. Ville kombinera det med coboltblå stretch velour frå S&S. Har ein kjole som eg har kjøpt av ei anna sydame, og hadde lyst og laga ein liknande kjole. Brukte den kjolen som mønster, men endra halsen.  Neste gong eg syr ein slik kjole, vil eg laga eit mønster  før eg klipper i stoffet. No la eg berre den "gamle" kjolen oppå stoffet eg skulle laga ny kjole av, det blei litt klumpete. Eg laga innsnitt ved bysten, både innover og nedover.
Laga òg 2 innsnitt i ryggen for at kjolen skulle sitja finare på. Blei ganske fornøgd med resultatet, og kjem nok til å laga fleire kjolar i denne modellen, då gjerne i eit tynnare bomullsstoff.
Ermene er eit svart blondeliknande stoff frå S&S. Kjolen har fått sirklar i ulike storleikar plassert litt rundt omkring foran og bak:)
Halsen tykte eg i starten blei litt stor, difor sydde eg på ein brei strikk på baksida midt på halskanten framme, og då blei det betre med ein gong og det fekk ein fin rynkeeffekt.
Str. L

tirsdag 26. april 2011

Heldig..... igjen:)))

Kom over nokre stoff  på jobb i dag,  som skulle vekk. Det var blitt rydda på tekstilrommet (ja eg jobbar på ein skule) og ein del "gamle" stoff skulle vekk. Eg tok med meg det eg fann av interesse, så får me sjå kva det kan bli til. Ein del litt triste fargar, men viss eg blandar inn litt meir knall fargar, så trur eg det kan bli mykje gøy ut av dette. Bl.a nokre meter med svart cord-fløyel, og ein del meter med grå dongeriliknande stoff, kan jo bli fine bukser til minstemann. Ser òg føre meg at cordfløyelen kan bli brukt til å sy vesker av.  Me får sjå.
Alltid kjekt med nye stoff, så no går vaskemaskina, for å vaska dei nyankomne stoffa min:)

"Pink is fine"- skjørt

Her er det første skjørtet eg har sydd av to av dei flotte stoffa eg var så heldig å få av ei sydame:)
Skjørtet blei veldig rosa, med det passar kjempefint til tida framover no. Me treng fargar i kvardagen. Ja til klare fine fargar!!!! Veit ikkje heilt kva stoff dette er, men sannsynlegvis bomullsstoff på det einsfarga stoffet. Midt stykket framme med store prikkar har nok  noko syntetisk stoff i seg.
Skjørtet har fått lilla ribb i livet, og det er fòra med lilla micro satin.
Str. L
Pris: 520,-
SOLGT!!!

"Dots and stripes"- redesignkjole

Denne kjolen blei ferdig i går og eg blei veldig fornøgd med den:)
Utgangspunktet var ein vintage bluse frå Fretex, ein kvit kjole med prikkar frå ei svunnen tid og ei grøn t-skjorte.
Her ser du resultatet etter litt klipping og fixings:) Sydde i to nye raude knappar på blusen, for å friska opp litt i det brune (dei var opprinneleg mørkbrune)
Beltet på kjolen, blei knytt om til slips, som  er laust og kan takast av og på:)
Kjolen er ikkje passeleg til meg, men forhåpentlegvis så er det nokon der ute som er str S og som har lyst på denne kule sommarkjolen.
Str. S
Pris: 650,-

SOLGT!!

mandag 25. april 2011

Redesignkjole med blomar og blonder

Utgangspunktet for denne kjolen var eit svart vintage-skjørt med knallfarga blomar og grøne stilkar (syntetisk stoff) Nesten litt psykedelisk !! Fann så fram ein svart singlet, ein blondetopp og ein blomstrete 3/4 -lang erma topp. + ein liten grønn detalj mellom toppen og skjørtet (sjå bilde)  Klipte så til alt slik eg ville ha det, og sydde saman med overlock- saumar. Sydde eit underskjørt for å ha i skjørtedelen av kjole, då eg syns det var litt tynt skjørt. Lot underskjørtet gå litt forbi slik at det syntest nede.  Klipte vekk litt av halsen på blondetoppen og sydde på ny halskant. Det er linningen på skjørtet, som er sydd på som halskant:) Artig liten detalj, syns eg:)
Kjolen blei i str L, og passar fint til meg:)
Kjolen er svart, ja, men med masse fargar i skjørtedelen, så då tenkjer eg at den kan bli fin å bruka framover mot sommaren:)    SOLGT!!

2 Kollegaskjørt....

To av mine kollegaer bestillte skjørt av meg, før påske. Har ikkje fått blogga om dei før, så her kjem bilete. Den eine kollegaen min ville ha eit skjørt som ikkje krølla, då ho skal på pilgrimstur til sommaren og vil ha minst mogleg vekt i sekken. Sidan det var PILgrimstur ho skulle på, så sydde eg på ei svart pil nede på skjørtet:)
Det andre skjørtet (rosa og svart) er eit smalt skjørt i eit mjukt stretchstoff frå S&S. Kollegaen min ynskte seg eit smalt skjørt, med lengde litt over kneet. Svart ribb i livet på begge skjørta.

torsdag 21. april 2011

Redesignkjole i rosa nyansar


Denne kjolen blei til i dag,  og solgt i dag:)
Utgangspunktet for denne kjolen var ein nydeleg "krimpelin" kjole frå  ei svunnen tid:) Eg såg fort at denne kunne "redesignast" til ein ny og unik kjole. Eg tok fram ein rosa nesten heilt ny bomullstopp, ein topp eg hadde sydd for fleire år sidan, som ikkje lenger var i bruk og "krimpelin" kjolen. Eg klipte til dei ulike delene slik eg ville ha det, og sydde saman dei ulike delane, og her er resultatet.
I kveld hadde eg kjolebesøk av to systre som ville kjøpa kjolar. Ho eine såg denne kjolen og bestemte seg fort for at den ville ho ha (før kjolen var heilt klar) Eg sydde den litt inn og sydde på applikasjonen på brystet og no er kjolen helt ferdig. Kjekt når kjolane går så fort unna:))
Str M
Pris: 650,-
SOLGT

onsdag 13. april 2011

Heldige meg:))

Eg har i dag vore så heldig og fått ein heil kasse med stoff, frå ei dame som er veldig flink til å sy, men som ikkje ville ha desse stoffa meir:) Tusen takk Oddrun!!!
No skal det bli skjørt, kjolar, bukser, applikasjonar, vesker   m.m. Eg skal kosa meg med mange av desse stoffa.

mandag 11. april 2011

"Prikkar og sirklar i skjønn forening":)

Har i kveld gjort ferdig eit herleg sommarskjørt. Når eg starta å sy skjørtet så følte eg at  det blei litt tynt, så eg fann ut at skjørtet måtte få eit fòr. Eg hadde liggjande noko raud micro satin, som kunne brukast til fòr. Så i kveld sydde eg i eit fòr og sydde på ribb i livet.
Skjørtet er sydd av raud viskose med kvite prikkar, frå S&S. + eit retrostoff i brun/beige tonar.
Str: L
Lengde 52 cm
Pris: 550,- + evt. porto

SOLGT!!

Redesignskjørt i dongeri

Måtte ha meg eit nytt dongeriskjørt til våren, her har eg sydd saman deler av to ulike dongeribukser. Skjørtet har fått grå ribb i livet,  og to søte retroblomar på framsida. Den eine buksa eg brukte, hadde litt slitte parti her og der, det blei berre kult, syns eg:)
Så no fekk eg meg eit nytt skjørt av nokon avlagte dongeribukser, gjenbruk er gøy:)
------> REDESIGN, Yeah!!!!!

Vårteikn i hagen:))

Måtte berre leggja inn eit innlegg om at no er det endeleg blitt vår her me bur. All snøen er vekke i hagen, og Påskeliljene blømer. Det er fantastisk!!!!

onsdag 6. april 2011

"Gul sommardraum"

Dette stoffet er berre såååå fint, syns eg. Har kjøpt dette retrostoffet på "Epla". No har eg brukt noko av det til å sy eit søtt skjørt, str S/M.
Brukte deler av ein ubrukt topp, som ribb i livet.
Sydde på ei raud kroklisse rundt kanten på skjørtet.
Pris: 450,-
 
SOLGT!!

Utslitt dongeribukse og mamma sitt gamle sommarskjørt= Kult redesignskjørt

Ja det er moro å gi gamle plagg nye sjansar til å få leva vidare som noko nytt. Med andre ord redesign er moro!!!
I dag har eg klipt beina av ei gamal dongeribukse, slik at eg stod att med eit bitte lite  kort kort dongeriskjørt. Fann så fram eit fantastisk fargerikt, blomstrete sommarskjørt som mi mor hadde som sommarskjørt på 70-80 talet:) Dette skjørtet klipte eg til slik at det passa i lag med dongeridelen. Brukte overlock-maskina og sydde saman dei to delane med raud tråd, slik at eg fekk litt kontrast. Sydde òg på ei raud kroklisse.
Skjørtet blei veldig kult syns eg.
Str L
Pris: 450,-
Ligg til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/

Fridag=sydag:)

Onsdag er fridagen min og då brukar eg ofte dagen til å sy. I dag blei det redesignkjole til meg sjølv, trur eg:)
Hadde liggjande eit fotsidt 70 talsskjørt, som eg hadde kjøpt med tanke på redesign. Klipte skjørtet til slik eg ville ha det. Klipte så til ein ny kvit gensar, som skulle bli overdel på kjolen. Som mellomstykke brukte eg eit stykke av  ein topp med motiv av kvalar og båtar, då blei det endå meir maritimt preg over kjolen, og litt morsomare:) Brukte overlockmaskina for å sy saman delane.


Hadde lyst til å ha ei stjerne på brystet, men sidan overdelen ikkje var så stor at eg fekk plass til stjerna mi på midten, så tok eg den litt på snei (den skal vera slik, det er ikkje eg som byrjar å sjå skeivt:) Tada!!!! Så blei det jammen ny kjole i dag:)
Har òg fått tid til klippa eit par skjørt i nokre nydelege retrostoff, men dei skjørta er ikkje ferdige enno, så dei kjem eg tilbake til når dei er klare. De får venta i spenning:)

Kjole i grønt

Her har eg sydd ein kjole i grønt viskosejerseystoff frå S&S. Ermene er sydd av eit artig retroskjørt.  Kjolen er veldig behageleg å ha på og sit fint på. Fint fall i viskosen. Ermene har løpegang og strikk i  endane, grøn kroklisse rundt halsen. 3 runde applikasjonar nede på framsida av kjolen, ein på bryststykket.
Str L
Pris: 750,-
Ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/

mandag 4. april 2011

"sommartider hey, hey ....."


Dette er eit ordentleg gla' skjørt, spør du meg. Eg kjem i sommarmodus med ein gong eg ser dette skjørtet:)
Det er sydd av eit fint rosa bomullsstoff frå S&S, og ei kul retrogardin i rosa,kvitt og oransje fargar. Skjørtet har fått to dyreapplikasjonar,   ein sjiraff på framsida og ein søt sau på baksida.
Str: S
Pris: 520,- + evt porto
SOLGT!!

Redesignskjørt av gamle dongeribukser og ei retrogardin

Her har eg sydd eit skjørt av nokre avlagte dongeribukser frå min mann, og ei retrogardin med nydelege gule blomar. Tykkjer skjørtet blei fargerikt og flott med to store runde lommer på framstykket.
Str. xl

 
 Skjørtet er til sals.
Pris:490kr