Translate

onsdag 7. juli 2010

sommarskjørt blir sommarkjole...


Igjen har eg laga kjole av eit gamalt skjørt og ein ny topp:) Utgongspunktet var eit skjørt med breie gule og blå striper, og smale striper i beige/orange og lilla, og to sommarfuglar som applikasjonar. Vanskelege fargar å finna ein topp som passa til dette skjørtet, så det er lite brukt. Eg fann ein lilla topp, som eg sydde i lag med skjørtet (spretta av glidelåsen på skjørtet, og klipte av linninga) Klipte av nedre del på den lilla toppen, slik at den gjekk akkurat under bysten. Sydde 2 innsnitt for å få finare passform. Eg ville ha korte ermer på kjolen, så eg klipte av ermene. Eg har òg sydd på to blomar som applikasjonar, for å få endpå meir fargesprell. Blomane er klipt ut frå ei skjorte frå 70-talet, kjøpt på fretex:)
Gjenbruk og redesign er berre såååå moro:)

SOLGT!!

85-årsdag


Denne kjolen blei sydd i april, i samband med at me var invitert til ein 85-årsdag. Kva har ein på seg i bursdag til ei dame på 85 år, tenkte eg?!! Eg hadde tidlegare i vinter kjøpt ein lilla stripa gensar på bruktbutikken i Sogndal. Eg såg redesign-potensiale i gensaren med ein gong:) Grå velour saman med dette lilla stoffet må jo vera super kombinasjon for ein kjole til 85-årsdag:) Eg fresha kjolen endå meir opp med å sy på to hjarte nede i høgre skjørtekant + eit lite hjarta på høgre arm. Denne kjolen falt i smak hos dottera mi òg, så sidan det var meir stoff igjen av begge delane, så sydde eg ein lik kjole til ho. Sidan eg har som prinsipp å ikkje sy to like kjolar, så plasserte eg hjarta på litt andre måtar, elles er kjolane heilt like:)
Kjem nok til å bruka kjolen i fleire høve, utover hausten og vinteren:)

70-talsskjørt fekk nytt liv som kjole...


Var i Bergen forrige veke, og då var eg innom Fretex. Kom då over eit lilla farga fotsidt skjørt sikkert frå 70 talet eller der omkring. Eg fallt for fargane og tenkte med ein gong redesignkjole!!
Eg klipte av øverste del av skjørtet, og sydde det inn i sidene. Fann ein lite brukt svart topp i skapet, klipte av nedre del av den og sydde fast i skjørtedelen. Målte slik at kjolen skulle gå til knea. Laga stjerne som applikasjon på brystet, av restestoffet eg klipte vekk, laga og ermekant av restestoffet frå skjørtet. Det var ein flekk på høgre sida av skjørtet, som ikkje gjekk vekk i vask, så der har eg sydd på ein runding som applikasjon, for å skjula flekken:) Denne kjolen blei eg veldig fornøgd med, kjem nok til å bruka denne ein del utover hausten.


SOLGT!!

..nok eit skjørt blei kjole...


Dette skjørtet sydde eg i mai, men blei aldri heilt fornøgd med det. Er så glad i kjolar at eg fann ein lite brukt grå topp i skapet mitt, som kunne duga som overdel på kjolen. Eg spretta av linniniga på skjørtet og spretta av glidelåsen i sida (sydde i ein lenger glidelås slik at kjolen skulle bli lettare å få på.) Klipte av nedre del av gensaren, og sydde saman dei to delane. Klipte vekk delar av ermene på gensaren, og sydde på rosa blondeband i ermekanten. Sydde òg på eit sikksakkband i turkis, i livet. Ville ha ein fargeklatt på brystpartiet på kjolen, fann då ein rest i restekassa mi, og laga ein runding som applikasjon. Kjolen blei litt trang til meg i livet, så eg kjem nok til å bruka ein vest utanpå:) Kanskje sel eg kjolen til ei som er litt slankare enn meg òg, time will show:)
SOLGT!