Translate

torsdag 30. desember 2010

SALG I EPLABUTIKKEN MIN:)))


No har eg laga til eit lite salg i butikken min. Der finn du no både skjørt og kjolar til reduserte prisar. Må få unna litt plagg, slik at eg kan byrja å sy litt meir igjen. Har kjøpt inn ein del nye stoff som eg gler meg til å setja saksa i:)


Bl.a denne kjolen er på salg: Men er no SOLGT!!!


Håpar du finn noko du likar:



mandag 20. desember 2010

Nytt produkt... igjen:)




I helga laga eg meg eit mønster til hals for både born og vaksne. Raske og morosame å sy på den nye Overlock maskina mi:)


Minstemann i huset blei veldig fornøgd med sin hals og bestillte straks ein til. Her ser du den eine halsen eg sydde til han.
Mannen i huset fekk seg òg ein hals:) Jenta mi på 10, takka nei, ho hadde nok med "Buffe'en", sa ho:)


Me treng noko varmt og godt i halsen no når det er så kaldt ute.


lørdag 18. desember 2010

Nye vottar og hua til mor







Var på posten i dag og henta pakke frå Stoff og stil. hadde bl.a bestillt eit nydeleg svart ullfiltstoff med knæsje farga trådar på. Det skulle bli noko til meg av det stoffet, tenkte eg. Som tenkt, så gjort, no har eg sydd nye vottar og ny hue til meg sjølv, så no vil eg lysa opp i tilværelsen, og det blir moro å gå ut i kulden:))

fredag 17. desember 2010

Vottar i ullfilt




Har lenge vore på jakt etter eit mønster til å sy ullvottar. Denne veka teikna eg eit mønster ved å sjå på nokre vottar. Har laga nokre prøvevottar for å prøva ut mønsteret. I fyrste omgong har eg kun laga vaksen storleik, men vil seinare prøva å sy i barnestorleik òg.


I dag er eg heime med sjukt barn, så då har eg sydd litt:)


Her ser du resultatet. Det grøne paret tenkte eg å ha sjølv, men det lilla paret er lagt ut for sal i nettbutikken min:





SOLGT!!


Blir nok sydd fleire av desse:)

torsdag 9. desember 2010

Skjørt i ulike fargar og storleikar




Skjørta er sydd av gjenbruksmateriale, kjøpt på ulike bruktbutikkar og loppemarknader.

Str. M


Pris: 420 kr
SOLGT!!











SOLGT!!





Str. L Pris: 450 kr

"Ooga-booga-kjole"







Denne kjolen er sydd av to ulike stoff. Svart polarfleece frå Stoff og Stil, og eit festleg jerseystoff frå Mg-tyger (trur eg) Ermene er 3/4 lange


Str: M/L

Pris: 750 kr
SOLGT!







Heit og god fleecekjole i lilla og oransje


Denne kjolen er sydd av polar fleece frå Stoff og Stil. Den har fått litt stjerner her og der.


Str. L


Pris:  750,- + porto
 
SOLGT!!

Herleg fleecekjole i svart og oransje


Kjolen er sydd av polar fleece frå Stoff og Stil. Den har eit applikert hjarte på brystet, 2 mindre hjarter bak og eit lite hjart nederst på framsida.


Str L


Pris:
750,-
SOLGT

Huer i mange fargar







Eg hadde sydd opp 40 huer til julemessa, blei kvitt omtrent halvparten. Så det er mange igjen enno, kan du seia:)



Mønsteret trur eg at eg ein gong har teikna av, av ei hue eldstejenta hadde ein gong. Har fått fleire kommentarar på at det liknar på slike huer som dei har på seg i serien ,som går på NRKSuper- "Pakten". Eg har ikkje fulgt med på den serien, så eg har ikkje funne inspirasjonen der:) Men huene er gode å ha på, og dei passar både vaksne og born. Huene er sydd i Polar fleece eller ullfilt, frå Stoff og Stil






Pris: frå 50-75 kr pr. stk

Førjulsmoro i kulturhuset 4.12.10







4.desember var eg for aller fyrste gong med på ei julemesse. Eg hadde med meg det eg hadde produsert av kjolar,skjørt, vesker, huer og panneband i løpet av hausten. Forhåpningane om så stort sal hadde eg ikkje, men tykte det var på tide å kanskje få profilert meg litt med tanke på at eg ynskjer å få litt bestillingar på kjolar frå folk i bygda:) Eg fekk mange gode tilbakemeldingar, og eg var ganske fornøgd med salet òg:))

onsdag 10. november 2010

Deileg fleecekjole i beige


Denne kjolen er sydd av fleece-stoff frå Stoff og stil. Kjolen er beige, med ulltrådar som er sydd fast i stoffet, som eit mønster. Stoffet er kjøpt slik.


Denne kjolen er sydd med tanke på julemessa eg skal vera med på 4. desember, ilag med mange andre kjolar, skjørt, huer og vesker m.m
SOLGT!


Str: 38


Pris: 700 kr

onsdag 3. november 2010

Redesign-skjørt med "farts-striper"


I haustferien var eg innom fretexbutikken på Voss. Då kom eg over fleire gode Retrofunn. Bl.a eit knallstilig skjørt frå 70 -talet. Skjørtet var fotsidt og var veldig breidt. Det var billeg då det var fleire flekkar på det og glidelåsen i sida var øydelagt. I dag fann eg det fram og sydde to nye skjørt av det gamle:)

Redesign er som eg har skrive før, knallgøy. Sydde på litt applikasjonar der flekkane var:))

Ribben er frå Stoff og stil.


Det eine skjørtet i str 40, ligg for sal i nettbutikken min:




Pris: 420 kr

mandag 1. november 2010

Lilla kjole med innslag frå Athen......

Denne kjolen er sydd av lilla fleece frå "Mjuka tyger", litt tynnare fleece enn polar fleecen frå Stoff og stil. Grunnen til at eg skriv .."med innslag frå Athen", er fordi ermene og bilapplikasjonen er sydd av eit skjørt eg kjøpte for 10 år sidan på ein Zara-butikk i Athen:)
No byrjar eg å få eit bra lager med kjolar til julemessa eg skal vera med på i desember:)
Kjolen er i str 42 (ca)
Pris: 750,-
SOLGT!

mandag 27. september 2010

Redesignkjole.... igjen:)



Det er så moro å sy om gamle plagg til noko nytt.


I helga sydde eg saman ein "ny" kjole av 2 gamle toppar og eit jerseystoff med pinnsvinmotiv, frå Stoff og Stil.


Sidan den lilla toppen som er overdelen på kjolen, var i str xxl, så blei denne kjolen litt stor til meg, dessverre. Dersom den skulle passa meg, måtte eg nok ha sydd den inn litt før eg sydde saman resten, men men. Håpar at ei anna dame kan får glede av denne morosame kjolen i staden.

SOLGT!!!




Str 44/46

Pris: 550,-

Loppemarknad er moro:)


I helga var eg på loppemarknad på Lyngmo, der fann eg ein del stoff og gamle gardiner, som eg såg potensiale i. Vil bruka fleire av stoffa til bl. a å sy skjørt av.

Her er eit skjørt som eg sydde på lørdag. Stoffet er eit kraftig syntetisk stoff, vil tippa at det er frå 70 -talet. Sikkert mange som hadde bukser i den type stoff, på 70 talet. Har fòra skjørtet og har applikert på nokre firkantar med rosemotiv. Lilla ribb frå Stoff og Stil, i livet.


Str 42

Pris: 390 kr



mandag 20. september 2010

Dynetrekk kan bli til flott haust-skjørt..



I sommar fekk eg med meg nokre gamle sengsett frå mor mi. Eg tenkte på skjørt og kjolar når eg såg på dei. I kveld fann eg fram det eine dynetrekket, og starta å klippa til eit skjørt av det. Eg fann fram eit tynt stoff på loftet, som kunne duga som fòr i skjørtet, og i livet sydde eg på ein orange ribb frå Stoff og Stil.

Str: 42/44

SOLGT




Pris: 390 kr

søndag 19. september 2010

Gardin frå 70 talet er blitt til eit skjørt:)


Fann fram ei gardinlengd eg fann heime på loftet, den hang i stova vår på 70 og 80-talet. Fann ut at den skulle få eit nytt liv som skjørt. Eg klipte til to delar og sydde saman. Fann fram eit svart fòrstoff, som eg brukte til fòr. Brukte avklipp frå ein jerseytopp med stretch, til å laga ribb i livet på skjørtet, og vips, så blei det jammen eit flott haustskjørt. Det blei dessverre litt for stort til meg, så eg har lagt det ut for sal på nettbutikken min:


SOLGT

Str. 44


Pris: 390 kr

lørdag 18. september 2010

"Frekk" redesignkjole i ulike mønster



Har fått litt dilla på redesign, så no går det litt tid på det:) Finn stadig noko som eg vil bruka til å skapa noko nytt:)


Har hatt liggjande nokre plagg kjøpt på bruktbutikken, som no blei brukt til å laga ein "ny" kjole. Eg fann fram ein fin rosa topp med prikkar, som eg klipte av rett under bringa. Klipte og vekk litt av ermene. Fann ein annan topp og klipte til eit lite stykke som eg sydde saman med den rosa delen, fekk no midjestykke på kjolen. Tok ermen frå den svarte toppen og sydde på den rosa. Til skjørtedelen fann eg fram eit blomstrete chenillestoff frå Stoff og Stil. Dei rosa blomsne i chenillestoffet er same rosafargen som er på den rosa overdelen av kjolen. Så då blir det litt heilheit:)


Kan ikkje behalda alle kjolane eg syr sjølv, så denne ligg for sal i eplabutikken min:

SOLGT




Str: 42


Pris: 450 kr

den som leitar han finn plagg som kan bli nye ting...


Innimellom tek eg meg ein tur på bruktbutikken i Sogndal, og av og til finn eg plagg som eg tenkjer at, ja- det kan brukast til redesign. Forrige veke fann eg ein dongeribluse/jakke og ein lilla gensar. Eg klipte vekk ermene på jakka, sydde på eit stykke av eit tynt "burnout" stoff eg hadde liggjande frå stoffogstil. Eg ville ha lange ermer så eg klipte av ermene på den lilla gensaren eg hadde kjøpt og sydde dei på det som no skulle bli kjole. Klipte så av nedre del på den lilla gensaren, som hadde strikk i seg, og sydde det på den avklipte dongerijakka, no blei det fin midje på kjolen.

Eg fann så fram eit blått stoff, som eg òg har kjøpt på bruktbutikken, det blei brukt som skjørtedel på kjolen. Eg syns kjolen blei litt dyster, så eg tok fram eit gamalt slips og sydde det på som eit band skråt og rundt skjørtet. Syns i grunn kjolen kom seg litt då:) Sydde òg på eit lite pinnsvinmerke øverst til venstre på kjolen. Redesign er berre så gøy!!!

Gler meg til loppemarknad neste helg, då satsar eg på å finna mykje artig, som kan brukast til redesign:)
Pris: 390 ,-
SOLGT!

onsdag 15. september 2010

Haustkjole i friske fargar


I dag har eg vore produktiv, først to gensarar til mine søte små og deretter sydde eg ein fleecekjole, som kanskje kan bli din??!

Den er i lilla og oransje polarfleece, frå Stoff og Stil. Kjolen har ein blomeapplikasjon på bringa og ein blomeapplikasjon bak på venstre sida.


Str: 38


Pris: 750 kr
SOLGT!!

Pinnsvingensar til jenta på 10 år og monstergensar til guten på 5 år




Onsdag betyr fridag og sydag:)


I dag har eg sydd gensarar til borna mine.


Stoff frå Stoff og Stil. Syns dei blei kule eg:) Borna blei òg fornøgde då dei kom heim frå barnehage og skule.

søndag 12. september 2010

kult med rosa


Denne kjolen syns eg blei veldig fin i fargane. Det rosa stoffet er stretch chenille frå StoffogStil, ermene og stjerneapplikasjonen er stoff frå ein topp, kjøpt på bruktbutikken. Ermene har fått rosa blondekant.
Str. 44
Pris: 650 kr
SOLGT!

fredag 27. august 2010

Petrolblå fleecekjole med stjerne







Har bestemt meg for å sy opp litt kjolar i fleecestoff, som eg har liggjande på loftet.Har litt restar frå bestillte kjolar eg har sydd tidlegare. På onsdag fann eg fram dette petrolblå fleecestoffet og klipte til ein kjole. Hadde òg liggjande ein bomullsbluse, som eg nesten ikkje har brukt. Den var lagt til sides med tanke på redesign. Dette blei fint stoff å kombinera med den petrolblåe fleecen, tykte eg. I kveld tok eg fram symaskina og sydde kjolen.

Kjolen hadde blitt litt kjedeleg utan ein applikasjon, så eg klipte til ei stjerne av det same blusestoffet som eg brukte på ermene. Sydde så ein beige knapp i midten på stjerna. Ribben på ermene er svart jerseystoff frå ein avklipt gensar. Alt kan nyttast, har vanskeleg for å kasta stoff, eg kan jo få bruk for det ein gong....:))



God stretch i fleecen, så den passar i allefall ein 44 str.



SOLGT!


Pris: 650 kr

onsdag 25. august 2010

Redesign kjole "BRING BACK THE LOVE"...



Fann fram ei t-skjorte med teksten "Bring back the love" som har vore lite brukt. Ville gjerne at denne skulle syast om til kjole om eg fann eit passande stoff. Eg kom på at eg hadde liggjande eit blått stoff med gule prikkar, som eg kjøpte i sommar. Det såg eg for meg kunne bli fint å kombinera med denne blå t-skjorta. Klipte til ein skjørtedel og klipte av t-skjorta rett under teksten. Sydde skjørtet og sydde på t-skjortedelen. For å understreka teksten på t-skjorta, så applikerte eg på 3 rosa hjarter på skjørtedelen- LOVE!!!!!

SOLGT!


Str. 42





Pris: 400 kr

Nok ein ny fleece-kjole


Onsdag- og fridag, altså sydag:)

Var på loftet igjen i dag og leita etter stoff som kunne bli til kjole. Fann fram grå og lilla fleece + ein viscose-kjole som ikkje var i bruk lenger. No skulle det bli fleecekjole.

Applikerte på to rundingar nederst til høgre på skjørtedelen i same stoff som ermene.

Svart ribb frå StoffogStil nederst på ermene.

SOLGT!

Str 42

Pris: 650 kr

Fleece igjen....


No har eg teke fram igjen fleece-stoff frå loftet, hausten nærmar seg:)

Sydde ein coboltblå fleecekjole med blomstrete ermer og blå ribb, i helga.

Blei veldig fornøgd med den. Sydde på ein stor blomst framme og ein litt mindre bak på ryggen.

Solgt
Str 38/40

Pris: 650 kr

No må fleece-en

lørdag 21. august 2010

Fretexkjole med ny vri...


Hadde liggjande ein sommarkjole kjøpt på Fretex, som eg no hadde lagt vekk. Fann i kveld ut at denne kjolen skulle bli ein ny redesign kjole. Klipte vekk overdelen, sydde på ein topp frå Cubus og vips, så blei det ein ny kjole med 3/4 lange ermer. Sydde på ribb på ermene av rester frå den opprinnelege kjolen, og laga eit hjarte som applikasjon på bringa.
Så fekk Fretexkjolen nytt liv, og eg fekk nok ein "ny" kjole:) vinn-vinn situasjon!!

str 42/44

Hattekjole i lilla


Dette lilla stoffet med raude hattar, fann eg i tilbodskassa i min lokale stoffbutikk i Sogndal. Fann fort ut at dette stoffet skulle brukast til å laga redesignkjole av. Eg fann fram ein avlagt gensar i lilla/kvitt og svart. Laga først eit skjørt av hattestoffet, klipte så til gensaren og sydde delane saman. Laga ein hatt som applikasjon, på bringa, og sydde på ein pynteknapp. Sydde på rosa ribb på ermene.

Denne kjolen tenker eg kan brukast både no og utover hausten, ikkje heilt typisk sommarkjole, men ja heilt klart ein litt "frekk" kombinasjon av mønster, men eg likar det:)

Str 42/44
SOLGT!!

Sommarkjole i Rosa


Nytt skuleår, då lyt me ha ny kjole, veit du! Forrige helg fann eg fram det fine rosa sengetøyet eg hadde fått frå mamma sist eg var heime. Mamma meinte dette var for tynnslitt til å sy noko kjole av, men sta som eg er, eg ville no prøva:) Hadde liggjande ein ny rosa topp med stretch, kjøpt på Cubus. Laga mønster til skjørtedel av ein kjole eg hadde sydd før, og sydde først skjørtet, før eg klipte av den rosa toppen, og sydde dei to delane saman og tadaaa.....så blei det kjole. Applikerte på ein blomst på bringa, og sydde ein knapp i midten.

Str 42/44
Pris då den er brukt 1 gong: 350,-
 
SOLGT!!

dilla på lilla....


Denne kjolen har eg lenge tenkt på. Eg hadde ein kjole i svart med lilla sirklar på. Den blei i utgangspunktet kjøpt for stor (salg og det var ikkje mindre str., men likte kjolen så godt) Sydde den inn, men blei aldri heilt fornøgd. La den vekk for ei stund. Men i gå blei den teke fram, og eg bestemte meg for at den skulle bli redesigna til ein ny kjole. Klipte av overdelen på kjolen, fann fram ein svart topp, kjøpt på H&M (ny) Det fulgte med eit belte på kjolen, og det sydde eg rundt halsen på toppen, og vips blei det ein flott ny kjole, syns eg i allefall.
SOLGT!!

Str 42/44

Grønt er skjønt!!


Då blei det ein ny kjole i grønt. Utgangspunktet denne gongen var ein grøn selekjole, som eg aldri blei heilt fortruleg med. Grei sommarkjole men... Fann ut at den blei fin til redesign, dersom eg klipte vekk selane og sydde på ein svart topp i staden. Måtte sy inn eit legg midt på for å få ordentleg fasong på kjolen.

Så får me sjå om det blir nok ein kjole til meg eller om det blir salskjole:))

Str 42/44

mandag 16. august 2010

Vintagekjole blei til "ny" kjole


Kjøpte ein vintagekjole på nettet tidlegare i sommar, syns at den blei litt stor og hadde ein litt for mykje "gravid"-kjole preg over seg. Eg er IKKJE gravid og har heller ingen planar om å bli det, så eg fann ut at eg ville sy om heile kjolen. Fann ein grøn topp som eg hadde lagt vekk på grunn av ein flekk på magen, som ikkje ville gå vekk, og brukte den som overdel på den nye kjolen. Klipte skjørtedelen på kjolen etter mønster frå ein tidlegare kjole eg har sydd. Klipte til toppen og sydde delene saman. Går fort å sy ein kjole, når ein har overdelen nesten klar. Dekorerte kjolen med ei sol (stoff frå ein bluse kjøpt på UFF i Oslo) og brukte rest frå den opprinnelege kjolen + litt skråband eg hadde liggjande, til å sy to blomar på bringa.

Her ser du resultatet. Blei meget fornøgd med resultatet. Men det er nok ein sommarkjole, som dessverre snart blir pakka vekk. Så får eg gleda meg til å bruka den meir neste vår og sommar:)

SOLGT!!


Str 42/44

torsdag 12. august 2010

Dongerikjole med ermer i brunt...


Då har både eg og symaskina hatt ferie nokre veker, men i går regna det så då måtte me møtast att:)
Eg har lenge hatt lyst til å prøva å sy dongerikjole etter kjolemønsteret mitt som eg brukar når eg syr i fleece og velour. Det gjorde eg altså i går. Brukte ei stund på å finna ut kva stoff eg skulle bruka på ermene, og enda opp med dette brune stoffet. Blei eigentleg fornøgd med kjolen, men brun er ikkje min farge. Så denne kjolen vil eg leggja ut for sal. Håpar nokon kan få glede av den. Så får eg heller sy ein ny til meg seinare med ein litt meir "crazy" fargekombinasjon:)
Str 44
Pris: 600 SOLGT!

onsdag 7. juli 2010

sommarskjørt blir sommarkjole...


Igjen har eg laga kjole av eit gamalt skjørt og ein ny topp:) Utgongspunktet var eit skjørt med breie gule og blå striper, og smale striper i beige/orange og lilla, og to sommarfuglar som applikasjonar. Vanskelege fargar å finna ein topp som passa til dette skjørtet, så det er lite brukt. Eg fann ein lilla topp, som eg sydde i lag med skjørtet (spretta av glidelåsen på skjørtet, og klipte av linninga) Klipte av nedre del på den lilla toppen, slik at den gjekk akkurat under bysten. Sydde 2 innsnitt for å få finare passform. Eg ville ha korte ermer på kjolen, så eg klipte av ermene. Eg har òg sydd på to blomar som applikasjonar, for å få endpå meir fargesprell. Blomane er klipt ut frå ei skjorte frå 70-talet, kjøpt på fretex:)
Gjenbruk og redesign er berre såååå moro:)

SOLGT!!

85-årsdag


Denne kjolen blei sydd i april, i samband med at me var invitert til ein 85-årsdag. Kva har ein på seg i bursdag til ei dame på 85 år, tenkte eg?!! Eg hadde tidlegare i vinter kjøpt ein lilla stripa gensar på bruktbutikken i Sogndal. Eg såg redesign-potensiale i gensaren med ein gong:) Grå velour saman med dette lilla stoffet må jo vera super kombinasjon for ein kjole til 85-årsdag:) Eg fresha kjolen endå meir opp med å sy på to hjarte nede i høgre skjørtekant + eit lite hjarta på høgre arm. Denne kjolen falt i smak hos dottera mi òg, så sidan det var meir stoff igjen av begge delane, så sydde eg ein lik kjole til ho. Sidan eg har som prinsipp å ikkje sy to like kjolar, så plasserte eg hjarta på litt andre måtar, elles er kjolane heilt like:)
Kjem nok til å bruka kjolen i fleire høve, utover hausten og vinteren:)

70-talsskjørt fekk nytt liv som kjole...


Var i Bergen forrige veke, og då var eg innom Fretex. Kom då over eit lilla farga fotsidt skjørt sikkert frå 70 talet eller der omkring. Eg fallt for fargane og tenkte med ein gong redesignkjole!!
Eg klipte av øverste del av skjørtet, og sydde det inn i sidene. Fann ein lite brukt svart topp i skapet, klipte av nedre del av den og sydde fast i skjørtedelen. Målte slik at kjolen skulle gå til knea. Laga stjerne som applikasjon på brystet, av restestoffet eg klipte vekk, laga og ermekant av restestoffet frå skjørtet. Det var ein flekk på høgre sida av skjørtet, som ikkje gjekk vekk i vask, så der har eg sydd på ein runding som applikasjon, for å skjula flekken:) Denne kjolen blei eg veldig fornøgd med, kjem nok til å bruka denne ein del utover hausten.


SOLGT!!